Om

Ullensvang fotoklubb er eit frivillig lag for fotointeresserte. Tilbake til 1. februar 1973 vart klubben stifta under namnet Odda Fotoklubb. Medlemmer blir innmeldt i NSFF der vi har ulike fordelar, rettar og tilbod. Vi samlast til fotoklubb frå kl. 18.00 på den 1. og 3. tysdagen kvar månad, utanom når det er skulefri. Som oftast samlast vi i kjellaren på Odda Frivilligsentral i Røldalsvegen 56, eller så er vi ute på fototur eller andre foto-arrangement.

Medlemmer og betalande støttespelarar får bli med i den lukka Facebook-gruppa vår, der vi delar informasjon om komande og tidlegare tilskipingar:

Dei som også er NSFF-innmeldt får som oftast også e-post og SMS-påminning om arrangement.

Tips: Kom du på noko som gjerne burde stått på denne "Om fotoklubben"-sida, ta kontakt med ein av oss i styret eller noko (y)

Håkon, 18.03.2022