Om betaling
I 2022 gjekk fotoklubben over til å senda ut faktura for medlems- innbetaling via eit system som heiter Centiga.
Når vi sender ut faktura for innbetaling av medlemspengar, kjem det ei e-postmelding frå post@centiga.com via amazonses.com
Sjølve fakturaen skal vera vedlagd som PDF-fil.
Du betalar til vårt kontonummer hos DNB, som er:
5281.05.09449
Per dags dato har vi ikkje KID, så du må oppgje fakturanummeret i feltet for melding.
Er du usikker eller har spørsmål til noko av dette, må du ta kontakt.