Startside

Odda fotoklubb skifta namn

Årsmøtet for Odda fotoklubb bestemte den 5. februar 2019 å endra namn til Ullensvang fotoklubb. Namneendringa vart bestemt etter avstemming. Det nye namnet vart meldt inn i Enhetsregisteret.

Nytt domene vart registrert og denne nye heimesida vart starta opp.

Om alt går (gjekk?) etter planen, startar vi opp med medlemsmøte på tysdag den 20. august 2019. Vidare held vi det gåande den første og tredje tysdagen kvar månad, og føl skuleruta (har skulane fri, blir det heller ingen fotoklubb).

Medlemsmøta finn stad i underetasjen til Odda Frivilligsentral, Røldalsvegen 56, 5750 Odda. Møtetidspunkt er frå kl. 18.00 til ca. kl. 20.00

På medlemsmøta tar vi ofte opp eit eller fleire tema, held kurs og delar kunnskap, planlegg aktivitetar og jobbar vidare med prosjekt. Det hender også at vi går ut for å fotografera, om nokon har forslag eller ønsker.

- Håkon, 04.07.2019