Årsmøte 2022
Betalande medlemmer av Ullensvang fotoklubb har stemmerett på årsmøte.
Dato for årsmøtet
Tysdag 15. februar 2022 kl. 18.00Tysdag 1. mars 2022 kl. 18.00
Kopi av protokoll frå forrige årsmøte er sendt ut som e-post til medlemmene.
Ta kontakt om du treng kopi av denne.
Korona
Den som er sjuk eller har luftvegssymptom skal ikkje delta, sjølv om symptoma er milde. Vi held minst 1 meters avstand mellom deltakarane og brukar handsprit.
Om nokon ønskjer å delta via nettmøte, må ein melda frå. For om ingen ønskjer dette, bryr vi oss ikkje med å rigga til PC med kamera.
Saker
Vi handsamar vanlege årsmøtesaker og har ekstra sak om endra vedtekter.
Medlemmer som ønskjer å melda saker til årsmøtet må senda saka skriftleg innan 6. februar 2022, så Håkon får ført opp saka i saklista og sendt ut oppdatert sakliste før 7 dagar før årsmøtedato.
Møtestad
Frivilligsentralen, Røldalsvegen 56, Odda
Vi har vanlege årsmøtesaker, samt ei ekstra sak om vedtekstendring.
Gjeldande vedtekter finn du på heimesida vår under menyen Om.
Kopi av klubbens vedtekter fins her.